Årsmelding frå styre og arbeidsutval 2019 Årsmøte Årsmøte 2018 vart halde på Breim skule 3. mars 2019. Det møtte 16 medlemmar. Dette året gjekk det greitt å få valt både leiar og få sett saman eit styre. AU er styrka med eit medlem etter årsmøte. Dette er Sissel Eide Reed. Medlemstal Breimsbygda IL har ved årsskiftet ca. 700 medlemmar. Det har vore brukt mykje tid på å rydde i medlemsregisteret dette året, slik at det som no er registrert er berre reelt betalande medlemmar. Truleg er det eit potensiale til å auke medlemstalet noko, spesielt kan talet støttemedlemmar aukast. Ved oppryddinga i medlemslistene er det ein del som har sagt at dei ikkje vil vere medlem då dei ikkje lenger er aktive i idrettslaget. Det er sjølvsagt heilt greitt. Likevel vil vi minne om at idrettslaget er mykje meir enn tradisjonell idrettsaktivitet. Dei fleste i bygda brukar turstiar vi har laga, nyttar Breimshallen som vi er medeigar i, har born eller borneborn som er med på idrettsklubben eller nyttar Breimsbygda Skisenter som vi er majoritetseigar i. Er du medlem i idrettslaget får du gode rabattar på Intersport Sandane og du er med og skapar liv og røre i bygda. Styremøte og AU-møter Det har sidan siste årsmøte vore halde fem møter i AU og styret. Til saman har AU/styret handsama 63 saker i 2019. I tillegg har det vore mykje dialog og avklaringar gjennom bruk av ei lukka facbookside. Dette har vore nyttig for å unngå å bruke for mykje tid på møter. Leiar i laget og den administrativ tilsette har og jamleg (kvar veke) kontakt for å avklare spørsmål og problemstillingar. Økonomi Å drifte ni særgrupper og mange anlegg krev god økonomistyring. Idrettslaget har god økonomi, dette heng saman med at vi har henta ut ekstraordinære inntekter frå NM i friidrett og høg momskompensasjon som følgje av høg omsetnad i samband med NM og investeringar i anlegg. Vi har og framleis til gode store beløp i spelemidlar som ikkje vert utbetalt før i 2020/2021. Sjølv om vi no har god kontroll på eigenkapitalen er det viktig at vi i drifta har fokus på at løpande utgifter skal finansierast av løpande inntekter. Dette betyr at gruppene framleis må ha fokus på å halde budsjetta, skaffe eigne inntekter og krevje eigenbetaling av utøvarar som deltek på stemner og turneringar. Vi må ikkje falle for freistinga å drifte laget gjennom oppsparte midlar. Konsekvensen av det vert harde kutt i budsjetta den dagen kapitalen er brukt opp, eller stor auke i medlems- og treningsavgift. Viktige inntektskjelder er mellom anna medlemsavgift, treningsavgift, sponsorar, basar, aktivitetsmidlar, kulturmidlar, momskompensasjon på drift/anlegg, grasrotmidlar frå Norsk tipping og ikkje minst dugnadskompensasjon frå Norsk Countrytreff. For meir informasjon om økonomien i laget, viser vi til rekneskapen som vert lagt fram på årsmøtet. Tilsette i Breimsbygda IL Breimsbygda IL oppretta for nokre år sidan ei administrativ stilling på 20 %. Bakgrunnen for dette var å avlaste leiar, styret og tillitsvalde i høve administrative oppgåver. Idretten har blitt mykje meir byråkratisert dei siste åra. Det er mykje rapportering, søknadar og fristar som skal følgjast opp. Denne stillinga er heilt avgjeran- de for drifta av laget og truleg må vi på eit tidspunkt drøfte om storleiken på stillinga skal utvidast. I tillegg til denne stillinga har vi og ein lønna person som vaskar for idrettslaget. Både Stadionbygget og treningssenteret vårt er objekt som må haldast reine og i stand. Dette utgjer ein stad mellom 20 og 30 % stilling. Drifta av idrettslaget utover dette er tufta på frivillig arbeid. Breimstafetten Breimstafetten vart arrangert for 81. gang i 2019 og gjekk av stabelen fyrste søndag i mai. Komiteen hadde gjort ein god jobb og gjennomførte eit godt arrangement. Litt skuffande er det at fotballkrinsen ikkje tok omsyn til stafetten og la si fyrste miniputturnering til same dato. Sjølv om vi fekk flytta turneringa for vårt område til laurdag, er det ikkje tvil om at dette førte til at vi fekk litt færre påmelde skulelag enn vanleg. Likevel var det samla sett bra påmelding. Kjekt var det at vi også i år hadde deltaking frå Hordaland og frå klubbar i Sogn og Fjordane som ikkje hadde vore med på lenge. Årets appellhaldar var leiar i Idrettsrådet og STIL, Beate Dybendal Nordvik. Breimstafettmedaljen gjekk i 2019 til Olav S. Egge. Byrkjeloleikane Byrkjeloleikane er eit stemne for funksjonshemma og vart i år arrangert for 8. gang. Breimsbygda IL står som teknisk arrangør av leikane og laget bidreg på tvers av særgruppene. Leikane er eit samarbeid med fotballkrinsen, friidrettskrinsen og Sogndal United. Arrangementet får mykje ros frå både deltakarar og pårørande. Spesielt vert det framheva at ein har god speakerteneste, innmarsj med skulemusikk, flagg på stadion, appellhaldar og profesjonell stemneleiing som tek arrangementet på alvor. Overskotet frå leikane går uavkorta attende til målgruppa. I 2019 er det delt ut kr. 10.000 til Skavøypoll United for å sikre deltaking på handballturnering i Trondheim. NM i femkamp i Trivselhallen Breimsbygda IL arrangerte NM i femkamp i 28. – 29. september i Trivselhallen på Sandane. Arrangementet har fått gode tilbakemelding og tek vi ikkje heilt feil vil dette bli arrangert i Trivselshallen ved fleire høve. Meir om arrangementet finn du i vektløftargruppa si årsmelding. Bygdedag i Breim Nytt av året var at Breimsbygda IL var ein av arrangørane av Bygdedag i Breim. Arrangementet hadde som mål å samle bygdefolk, både dei som alltid har budd her og dei som er flytta til bygda. Saman med kyrkja og andre frivillige lag og organisasjonar fylde vi Breimshallen til ein folkefest det enno vert snakka om. Planen er at vi prøver eit tilsvarande arrangement i 2021. Idrettslaget har fått ansvar for å kalle inn dei andre organisasjonane til planlegging når so langt kjem Idrettsbasaren Den tradisjonelle idrettsbasaren gjekk av stabelen i Breimshallen i slutten av november. Heilt full sal og rekordomsetning er vel ei stadfesting på at idrettslaget har «bygda i ryggen». Utmerkingar Stimulansprisen for 2019 vart delt ut på idrettsbasaren og gjekk til Mathias Dale og Elias Helle Felde. Det var ikkje ein delt pris, men 4 Årsmelding BBIL 2019
Last ned PDF-fil